Med bakgrunn i den lokale smittesituasjonen, har kommunene Giske, Sula og Ålesund i dag vedteke å innføre ny lokal forskrift med tiltak for å førebygge ytterlegare koronasmitte.
Forskrifta gjeld frå i kveld mandag 26.4.21 kl. 24.00 og fram til søndag 9.5.21 kl. 24.00.
Forskrifta med grunngjeving finn du her:
Ei lita oppsummering av noko av det som kjem fram av forskrifta:
- Det er plikt til å bruke munnbind, men ikkje under sjølve utøvinga av den fysiske aktiviteten.
- Svømmehallar stenger for publikum (skolesvømming og organisert trening for barn og unge under 20 år kan halde fram).
- Idrettshallar skal berre ha ope for kroppsøving i skulen, trening for barn og unge under 20 år, ikkje for vaksentrening og heller ikkje for arrangement.
- Det kan ikkje avviklast utandørs treningskampar i fotball for andre enn lag i dei to øvste divisjonane for kvinner og menn.
- Kulturhus skal ikkje ha arrangement.
- Ung i Ålesund kan ha aktivitet som før for barn og unge under 20 år.
Det er verd å merke seg at ei forskrift er å rekne som ei lov, og at forsetteleg eller grov aktlaus overtreding av reglane i denne forskrifta, kan straffast i samsvar med smittevernloven § 8-1.
Utanom forskrifta, tilrår kommunen dette:
- Maks to gjestar på besøk heime per dag.
- Maks 10 nærkontakter i løpet av ei veke, utanom klasse og arbeidskolleger.
- Hald minst to meter avstand til andre.
- Handle lokalt, og kun oppsøke kjøpesenter når det er naudsynt.
- Unngå unødige reiser.
Elles vert nettsidene til kommunen; alesund.kommune.no jamnleg oppdatert med dei nye reglane.