Tysdag 18. mai har kommunane Ålesund, Sula og Giske valt å vidareføre delar av den lokale forskrifta. Det blir nokre lette med opning av mellom anna treningssenter, badeland, kino og arrangement. Det blir framleis påbod om heimekontor, skjenkestopp av alkohol og påbod om munnbind.
Kriseleiingane i kommunane har tysdag 18. mai hatt møte og vedtatt ei ny lokal forskrift. Forskrifta er noko endra i forhold til den tidlegare forskrifta, og har fleire lette:
No får mellom anna treningssenter, aktivitetsparkar/badeland, kulturhus og kino opne igjen. For studentar betyr endringa at dei kan nytte campus fullt ut. Det blir tillate med arrangement igjen, men med redusert tal på folk som kan delta i forhold til den nasjonale covid-19 forskrifta. (Sjå i forskrifta).
Gjelder fra midnatt 18. mai og fram til midnatt 28.mai 2021
Trykk på link nedanfor for å lese meir
Ålesund, Sula og Giske med nokre lette i koronatiltaka – Ålesund kommune (alesund.kommune.no)