Siste coronanytt fra kommuna

Med bakgrunn i den lokale smittesituasjonen, har kommunene Giske, Sula og Ålesund i dag vedteke å innføre ny lokal forskrift med tiltak for å førebygge ytterlegare koronasmitte.

Forskrifta gjeld frå i kveld mandag 26.4.21 kl. 24.00 og fram til søndag 9.5.21 kl. 24.00.

 

Forskrifta med grunngjeving finn du her:

 

https://alesund.kommune.no/aktuelt/siste-nytt/alesund-sula-og-giske-innforer-ny-lokal-forskrift-fra-midnatt-26-april.18200.aspx

 

Ei lita oppsummering av noko av det som kjem fram av forskrifta:

  • Det er plikt til å bruke munnbind, men ikkje under sjølve utøvinga av den fysiske aktiviteten.
  • Svømmehallar stenger for publikum (skolesvømming og organisert trening for barn og unge under 20 år kan halde fram).
  • Idrettshallar skal berre ha ope for kroppsøving i skulen, trening for barn og unge under 20 år, ikkje for vaksentrening og heller ikkje for arrangement.
  • Det kan ikkje avviklast utandørs treningskampar i fotball for andre enn lag i dei to øvste divisjonane for kvinner og menn.
  • Kulturhus skal ikkje ha arrangement.
  • Ung i Ålesund kan ha aktivitet som før for barn og unge under 20 år.

 

Det er verd å merke seg at ei forskrift er å rekne som ei lov, og at forsetteleg eller grov aktlaus overtreding av reglane i denne forskrifta, kan straffast i samsvar med smittevernloven § 8-1.

 

 

Utanom forskrifta, tilrår kommunen dette:

  • Maks to gjestar på besøk heime per dag.
  • Maks 10 nærkontakter i løpet av ei veke, utanom klasse og arbeidskolleger.
  • Hald minst to meter avstand til andre.  
  • Handle lokalt, og kun oppsøke kjøpesenter når det er naudsynt.
  • Unngå unødige reiser.

 

Elles vert nettsidene til kommunen; alesund.kommune.no  jamnleg oppdatert med dei nye reglane.